Glemt Passord?

Leiar sine arkivrutinar

Einingsleiar sitt arkivansvar:

Einingsleiar har personalansvar og ansvar for å melde frå til arkivtenesta ved langvarig fråver hos sakshandsamarar.

Einingsleiar har ansvar for å halde oversyn med restanser i eiga avdeling og syte for at sakshandsamar har dei naudsynte ressursar til å utføre oppgåvene sine.

Einingsleiar skal godkjenne og signere vedtak i si avdeling, eller delegere dette til andre.

Leiaren for administrative einingar i Luster kommune som fungerer som eigne arkivskaparar, er delegert det løpande ansvaret for arkivarbeidet i sine einingar. Dette gjeld desse einingane:

Skulane, barnehagane, Helse, sjukeheimteneste, heimeteneste, PPT, NAV, ATS, Økonomi (inkl. skatt).